Skjenkestova i Skorovas vart etablert i september 2005. Skjenkestova ligg i første etasjen i gamle Skorovatn skole, der det før var sløydsal kombinert med kapell.
Vi har lagt vekt på eit breidt utval av ølsortar – alt frå India Pale Ale til Lager, frå Porter til Weissbier. Vi har øl frå 25 land - frå Japan i aust til USA i vest, og frå Noreg i nord til Australia i sør. I alt omlag 180 forskjellige øl. Dette har gjort at vi berre har øl på flaske og boks, ikkje frå fat.
Belgisk øl står i ei særklasse hos oss, med over 30 sortar. Vi har elles øl frå Finland, Danmark, Noreg, Nederland, Tyskland, Tsjekkia, Polen, Austerrike, Frankrike, Italia, Spania, England, Irland, Skottland, USA, Japan, Kina, Australia, Thailand, Singapore og India.
Akevitt er eit anna felt med breidt sortiment – over 60 sortar. Etter som norsk akevitt er verdas beste, er det akevitt frå Arcus og Gavin som dominerer.
Vi har elles eit utval av dram/snaps og anna brennevin, og eit mindre utval i likør og vin. Men det er noko for ein kvar smak – og med garantert meirsmak!
Skjenkestova og utvalet vårt er spennande for mange. Til dømes har folk frå Trondheim, Bodø og Örnsköldsvik kome eins ærend for å testa meirsmaken i Skorovas.