Velkomen til Skjenkestova i Skorovas

Skorovasmat gjev meirsmak

Skorovasmat er ei mat- og drikkekulturverksemd i Skorovatn i Nord-Trøndelag. Vi produserer gardsmat og driv skjenkestove.
Vi starta opp i 2003, etter at ein av eigarane i fleire år hadde drive sal av kjøtprodukt frå garden Lyshaug – både storfe, sau/lam og gris. I 2003 kjøpte vi ein etasje i den gamle skolen i Skorovas. Der driv vi no skjenkestove, kjøken og foredling av mat.


Vil du ha skjermbrev om kva som skjer på Skjenkestova og i Skorovasområdet, send namn og e-postadresse til post@skorovasmat.no så vil du motta informasjon via e-post.



Nytt

Opningstider i september 2010

Skjenkestova er open frå klokka 21.00 til 01.00.

Fredag 3. september kl. 18.00 - 01.00
Laurdag 4. septemberkl. 16.00 - 01.00
Laurdag 18. september
Fredag 24. september
Laurdag 25. september

Vidare er desse kveldane bestemt

Fredag 1. oktober. Vi feirer 5 årsjubileum - Sveinung Kveli vil underholde
Laurdag 2. oktober - Oktoberfest

Fredag 12. november. Julas favoritter er truleg på plass
Laurdag 13. november. Blues på Stova. Wolfman Jack

Dette er ei førebels liste. Det blir annonsert her dersom det blir opent fleire dagar. Ta gjerne kontakt viss grupper ønskjer å koma på vitjing utanom opningstidene.

Nytt frå Skorovas

Skorovasmarsjen
går som vanleg etter to løyper laurdag - ei tur-retur Staldvika (ca 1 mil) og ei tur-retur Getsemane (ca 5 km). Søndag kan folk gå "søndagsløypa" til og frå Kvittjønna, eller dei kan vera med på gaida tur til Gammelgruva. Det er Otto Finvik som er gaid på denne turen. Elles er det konsert i kapellet, loppemarknad på Skifthuset, kunstutstilling hos Halldis Sagmo, og mangt anna. Meir om Skorovasmarsjen finn du på www.skorovasmarsjen.org Skjenkestova og lavvoen er sjølvsagt open om ettermiddagen og kvelden.

Skjenkestova fyller 5 år!
Set av fyrste helga i oktober! Fredag 1. og laurdag 2. oktober feirer vi at Skjenkestova er 5 år. Det vi veit hittil er at Sveinung Kveli og Alter Ego skal halda "ølshow". Meir informasjon kjem seinare.

Blues på Stova
13.november kan det høve bra å koma på Stova og høyre på Wolfman Jack. Meir informasjon kjem seinare.